solregn

Kappleik 2014 på Geilo

Etter fleire år med sterk påvirkning mot Landslaget for spelemenn så kjørde underteikna og Bjarne Odde på med ei underskriftskampanje for å få durspelet inn på landskappleiken i 2005. Med god hjelp frå vår insider i styret, Trond Ole Haug, så vart det innført på Røros dette året. Tom Kjetil Tørstad vann ei flott klasse med 20 deltagarar. Dette var viktig for instrumentet og ein ser nå at det myldrar av svindyktige durspelarar som let både slåttespel og runddans. I år var kappleiken på Geilo, der eg spelte ein springleik av Leif Inge Schjølberg og ein sjøllaga halling. Etter fjorarsseieren vart eg eitt poeng etter Øyvind Sandum i år. Sjå link frå wikipedia over vinnarane sidan 2005.

Link til vinnarar av durspel bygdadans landskappleik (Bortsett frå i 2009, da var det ikkje rein bygdadansklasse): http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_vinnere_av_landskappleiken_p%C3%A5_durspel

geilo