solregn

Dansekonsert - Folk på torsdag - Riksscenen

09.04.15: OsloFOLK sitt konsept Dansekonsert har vorte ein populær gjengangar på Riksscenen, og nummer to denne våren reiknar me med at ikkje vert noko unntak frå den regelen. Som vanleg inviterer OsloFOLK musikarar me tykkjer er av dei aller best til å spela til dans, og legg vekt på variasjon i programmet, både i dansetype og instrumentering. I den andre runden av dansekonsertar denne våren slepp me til Valkyrien Allstars eigen Erik Sollid på hardingfele, eksilgausdøla Nina Fjeldet på fele og Liverpoolsupporter Inge Gjevre på torader, eit lag som garantert byr på både kvalitet og variasjon frå fleire tradisjonsområde! Dans og lytt deg gjennom bygdedansar og runddansar frå tre av landets beste utøvarar på instrumenta sine. Kvelden er akustisk, og det er godt rom for både dansing, lytting, sansing, nyting og sosialisering. Velkomne til ein god, gamaldags dansekveld - få på deg dansesko og finn vegen til Riksscenen! 

Erik Sollid - hardingfele
Nina Fjeldet - fele
Inge Gjevre - torader
29.01

http://www.riksscenen.no/erik-sollid-nina-fjeldet-inge-gjevre.5640489-322117.html