solregn

Camilla Granlien, Vegar Vårdal og Inge Gjevre solistar med Lillehammer storband

Under Dølajazz 2014, jubilerte Lillehammer Storband med stor konsert i Lillehammer kirke. De hadde folkemusikk som tema og hyra inn Camilla Granlien(vokal), Vegar Vårdal(fele/hardingfele) og meg(trekkspel/durspel). Storbandets meget dyktige arrangør Jan Andresen tok for seg eindel låtar som kvar av desse kom med, arrangerte og etter nokre intense øvingar på hausten så vart det litt av ein sound. Kirka var stappafull denne fine laurdagen og opplevinga av å stå der med alle desse musikarane var stor.

I tillegg til å bidra på Camilla sine viser så vart mine komposisjonar: Ada`s voggesang og Jutul`n og blessomin spelt i fullt orkester, samt så spela eg og Vegar hallingen Måsåbakkjin og eg spelte ein lyarslått solo.
IMG 2717  Vegar