solregn

Kurshelgje med Gjøvik spelemannslag og Sund toradergruppe

Eg trives svært godt i møte med andre spelefolk der ein kan prøve å hjelpe til med slåttar, teknikk, markering eller samspel. 4 blide jenter frå Sund toradergruppe tok i februar turen til meg. Kjempespennande å følgje utviklinga til desse ræserane. Helga etter tok eg turen til folkemusikkhuset Hunn, på Gjøvik. Gjøvik spelemannslag vart kåra til årets lokallag av Folkorg i 2015. I grunngjevinga stod det: Gjøvik Spelmannslag har gjennom bygging av instrument, ved å driva opplæring i bruken av dei, og ved å nytta instrumenta i laget og i konsertsamanheng, aktualisert dei og gjort instrumenta meir kjende. Aktiviteten er særeigen og har skapt merksemd både lokalt og nasjonalt. Eg har spelt mykje saman med Stein Villa på Gjøvik og sett det store arbeidet dei legg ned. I mars spelte Gjøvik spelemannslag på nokre leikje eg kom med. Markering i musikken var tema.

Link til Folkorg sin prisvinner Gjøvik spelemannslag

 Bilde kjem