solregn

Blømingsfestivalen i Kinsarvik

Dette er ein festival som eg trives svært godt på. I år var Jutullaget innleigd til dans og eg var hovuddommar, saman med Ole Nilssen og Ingvild Seilen. Det er fasinerande å sjå heile vestlandet samla, den bredda dei har og det miljøet. Imponerande.

Her er presentasjonen festivalen hadde av meg: Sist men ikkje minst, ein liten presentasjon av Hovuddommaren på årets Blømingsfestival! Inge Gjevre er kjend for dei fleste i miljøet, etter å ha vore kanskje den mest markante og beste toraderspelaren dei siste 10 åra! Både i forskjellige grupper, som m.a. Jutullaget og som soloutøvar, der han nyleg har eit par plateutgjevingar på samvitet. Inge er også ein mykje nytta og svært godt likt instruktør i miljøet vårt.

Link til Blømingsfestivalen