solregn

Prosjekt/samspel

SOLO

Fartar mykje omkring som soloutøvar, har konsertar og held kurs. Har og eindel einetimar med elevar frå bla Ole Bull og Norges musikkhøgskule. Lagar musikk til prosjekt.

JUTULLAGET

Jon Amund Karusbakken, Kjell Arne Kolden, Inge Gjevre-alle durspel, Svein Ove Brun-gitar og Bjarne Odde-kontrabas. Runddansgruppe, oppstarta i 1988. Har spelt til dans stort sett over heile landet og trives kolossalt godt med det. Vann vår 4. landsfestival i Gaupne, 2016. Spelte på Meisterkonserten i Operaen etter det. Har gjeve ut 4 album: Jutullaget, Luringen, Trivle og XXV.

RAS

Jazzgruppe på Lillehammer som har konsertar i området. Vi spelar funky, rocka, folkemusikalske og emosjonelle, mest sjølskrevne, jazzlåter. Trond Johnsen-sax, Andre Folkestad-trombone, Steinar Sulheim-gitar, Egil Weider Hartberg-piano, Niels Herman Schultz bass, Jørgen Haukland-trommer og eg trekkspel.

STEIN VILLA

Stein spelar på det meste. Saman med meg spelar han mest harpe, mandolin eller gitar. Vi samarbeida i prosjektet "Lea de" og har sidan hatt konsertar saman.
http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/142544/

TROND KLAAPE

Har samarbeida mykje med Trond siste åra. Vi har laga to forestillingar saman. Eg spelar torader, trekkspel og gitar til Trond sine tekstar.
http://www.klaape.no/


EGIL WEIDER HARTBERG

I tillegg til at vi spelar saman i bandet RAS så spelar vi konsertar som duo. På Røros, 2013,  stillte vi i open klasse, noko som gjekk meget bra. Egil fargelegg låtane mine på ein finurleg måte på piano.