solregn

Lågå musikk

Heile livet har det å sette saman tonar og harmoniar fasinert meg. Inspirasjon kan kome av mykje rart, men oftast av anna musikk, eit fint tema, eit riff eller ei rytme. Fine stemningar i naturen eller intense situasjonar kan og utløyse nokre nye tonar.  I 2007 så leverte eg 20 kasettar med eiga stoff til folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdal i Vågå. Detta er "leikje" som er komponert både på durspel og trekkspel. Nokre er og laga på piano og gitar. Mykje er runddans, særleg frå fyrst på 90-talet, men etterkvart har det vorte mykje slåttespel. Etter at eg byrja spele i jazzbandet RAS på Lillehammer så har det vorte eindel jazzkomponering også. BLÅHIMMELDAG, 56 sjølkomponerte leikje samla på ei slåttespelplåte og ei runddansplåte, vart slept i 2011. SOLREGN, med dei neste 44, vart slept sumaren 2016. Ein kan seia at eg er svært glad i å arbeide med å lågå musikk.

18

LEA DE

Slåttane mine vart brukt i folkedansprosjektet LEA DE over tre år

KAPPLEIK/FESTIVAL

Eg har spelt og vunne 4 landskappleiker med 4 hallingar og ein springleik eg har laga. På landsfestivalen har leikane: Ho Marit på posthuse, I år som i fjor og Sjarmtrøylle avslutta kvar sin meisterkonsert etter gruppespel med Jutullaget og Avbrekk. I november 2010 vart eg nr 2 i det nordiske folkemusikkmesterskapet i Salen, Nord 10, med hallingen min "Ei ohændog tåmmåltåttknusing". På landskappleiken på Otta i 2012 vann Gudbrandsdølenes med springleiken «Jutul`n og Blessomin».

BLÅHIMMELDAG

I juli 2011 kom den store dagen då eg slapp BLÅHIMMELDAG. 56 sjølkomponerte leikje samla på ei slåttespelplåte og ei runddansplåte. Låttane vart presentert i solospel og samspel med ein fantastisk bøling musikere. Plåta vart nominert til Folkelarmprisen og fekk ein 5 i GD. Fantastisk artigt.

KUN DU

I juni 2012 vart Danseprosjektet "Glad, ung og spræk" i Nord-Gudbrandsdal avslutta. Alle ungdomsskoleelevene i Nord-Gudbrandsdal lærde seg, i løpet av året, ein dans laget av 2 koreografer fra norddalen til musikk laga av Kjell Marius Snipen, Øystein Haugan og Inge Gjevre. Låten heiter "Kun du".

Hans Aanrud

Vinteren 2012-2013  komponerte eg musikken til ei forestilling som Trond Klaape og eg hadde i forbindelse med jubileet etter forfatter Hans Aanrud. Spennande.

LILLEHAMMER STORBAND

Hausten 2014 hadde Lillehammer Storband jubileum, der Camilla Granlien, Vegar Vårdal og eg var solistar. Vi spelte 5 låtar av meg på konserten, bla Ada`s voggesang og Jutul`n og Blessomin arrangert for fullt storband.

SOLREGN

Sumaren 2016 slapp eg SOLREGN. 44 nye leikje, fordelt på ei slåttespelplåte og ei runddansplåte. Saman med eit stjernelag av folkemusikere så vart dette nok ein draum i oppfyllelse for meg. Musikere: Vegar Vårdal, Jutullaget, Even Røhjell, Trond Klaape, Jan Beitohaugen Granli, Egil Hartberg, Trond Johnsen, Herman Schultz, Vågåmål, Dåm mfl, Leif Inge Schjølberg, Kjell Arne Kolden og Stein Villa.


Leikje:

Her spelar Kristoffer Kleiveland hallingen: "Ei ohændog tåmmåltottknusing", framfor 20000 under eit show i Matputo -Mosambik: Link til video av Kristoffer sitt show i Afrika 

Gudbrandsdølenes Spelemannslag spelar springleiken "Jutul`n og Blessomin", under meisterkonserten på Landskappleiken på Otta 2012: Link til Jutul`n og Blessomin med Gudbransdølenes  


"Kun du", musikere: Kjell Marius Snipen, Øystein Haugan, Ole Jonny Bekkemellom, Trond Bersu, Per Ivar Stubberud, Eldri Tofte og Inge Gjevre. Link til låten "Kun du"

"Funky Friday". Ein jazzlåt, spelt av bandet RAS. Musikere: Trond Johnsen, Andre Folkestad, Steinar Sulheim, Jørgen Haukland, Egil Hartberg, Herman Schultz og Inge Gjevre.
Link til "Funky Friday" med bandet RAS

 

"Gledesbrus", lyarslått spela av Stein Villa og Inge. Link til Gledesbrus