solregn

Inge

Inge Gjevre, folkemusiker med føtene godt planta i den norske folkemusikktradisjonen, og særleg slåtte- og runddanstradisjonen nord i Gudbrandsdalen
- Født 1976
- Spelar torader og trekkspel
- Oppvaksen i Vågå, busett på Lillehammer
- Foreldre frå Valdres, bestefar Endre på farssida, var ein god folkedansar og spelte hardingfele. Onklane Sverre og Kjell spelar torader og trekkspel. På morssida hadde oldemor i Beito tre hardinfelespelande brør: Knut, Ola og Gudbrand
-Læremeistere: Steinar og Ivar Bolstad, Jan Visdal, Jan Fyrun, Olav Haugen, Terje Stensgård, Tom Berg, Kjell og Sverre Gjevre, Svein Stensrud, Leif Inge Schjølberg

inge tekst

Trond Ole Haug om Inge:
Inge Gjevre (f.1976) kjem frå Vågå. Etter god kursing i Vågå Toradergruppe danna spelkompisane Inge, Stig Ove Kveen og Jon Amund Karusbakken det suksessrike Jutullaget. Med Jutullaget har Inge opplevd svært mykje gjennom snart 30 år. I tillegg til tallause dansespelingar og fire CD-utgjevingar har dei vunne Kappspel, Titano og Landsfestivalen i gammaldansmusikk fire gonger.

Midt på 90-talet begynte Inge å spela trekkspel. Etter kvart vart det mykje samspel med felespelmenn, fyrst med Asbjørn Stensrud, deretter med Leif Inge Schjølberg, seinare med Knut Håvard Bjørkås. Sist på 90-talet begynte han som trekkspelar i Vågå Spelmannslag. Etter kvart voks interessa for det eldre slåttespelet. Ikkje minst likar Inge å spela Vågå-springleiker. Dei siste 20 åra har han brukt mykje av den eldre slåttemusikken både til konsert og dans.

Inge har musikkpedagogisk utdanning frå lærarskulen. Han underviser òg i gitar og piano. Etter at han flytte til Lillehammer, har speling i jazzbandet RAS utvida den musikalske horisonten, seier han.

Inge er ein særdeles dyktig musikar og formidlar av tradisjonsmusikk på torader og trekkspel. Han er ein av dei mestvinnande utøvarane i ulike konkurranser innan runddans- og bygdedansmusikk. På framifrå vis har han markert seg sterkt, både som solist og som utøvar i fleire grupper. Vidare har Inge evne til å overføre feletradisjonen til toraderen, med utsøkt rytmikk, spenstig musisering og framifrå dansespel. Han er òg ein kreativ slåttekomponist, der han kombinerer dei tradisjonelle elementa med nyskaping og virtuositet. Utøvaren er ein svært dyktig formidlar, noko eit stort publikum har fått oppleva på ei mengd konsertar, kurs og ”te dans”.
          

6
Solo:

- 4 gull, 2 sølv og 2 bronse på 8 startar i solo durspel på landskappleiken
- 3 gull, 4 sølv og 3 bronse fra soloklasser  på landsfestivalen
- Vunne bygdadansklassen på Jørn Hilme stevnet 5 ganger. Vann for 3. året på rad i 2011 og fekk med det vandrepremie gjeve av Eli Sælid i 2002
- Ble hausten 2010 uttatt til å representere Norge under Nordisk mesterskap i folkemusikk i Saelen som en av to solister sammen med Per Anders Buen Garnås. Ble der nr 2, delt med svenske Emilia Amper, nøkkelharpe
- Har hatt utallige durspillkurs over hele landet
- Har bl.a. spilt på Førdefestivalen, Folkemusikkveka på Ål, 2 uker på Folkekunstcruise på Hurtigruten, Jørn-Hilmestevnet, Høybystevnet i Danmark, Norwegian Day i Minnesota og på oppdrag i Latvia og Bosnia
- Har vært dommar i durspel solo, andre instrument og lagspel på landsfestival, var hoveddommer under Titano i 2003, dømte fylkesmønstringen ved Ungdommens Kulturmønstring 2012. Var konfransier under solo durspel på landskappleiken i Vågå 2016
- Spelte 3 år fra 2008 i danseprosjektet med Lea de, sammen med Jan Beitohaugen Granli, Nina Fjellet og Stein Villa
- Har hatt konserter med bla Andreas Bjørkås, Håvard Ims, Camilla Granlien, Trond Klaape, Stein Villa, Egil Hartberg, Lars Ramslie, Øyvind Sandum, Brazz brothers
- Ga ut soloalbumet "Blåhimmeldag"  2011. Samling av 56 eigne slåttar. Vart nominert til folkelarmprisen og fekk ein 5`er i GD
- Komponerte låten "Kun du", sammen med Kjell Marius Snipen og Øystein Haugan fra Ogobor til prosjektet "Glad, ung og sprek i Nord-Gudbrandsdal", høst 2011

- Komponerte deler av (og utøvde) musikken i forestillinga "Om eg var ein Gud", saman med lyrikar Trond Klaape. Hadde turne med forestillinga i 2012-2014

- Komponerte (og utøvde) all musikk i forestillinga "men du diktet litt om livet", jubileumsforestilling om diktar Hans Aanrud. Hadde forestillingar og jobba inn mot to skular i Gausdal i 2013. (Durspel, trekkspel og gitar)
- Komponerte og spelte som solist saman med Vegar Vårdal og Camilla Granlien under Lillehammer storband sitt jubileum 2014
- Har arrangert over 30 folkemusikkpøbbar på Lillehammer saman med Olav Haugen, Even Røhjell og Ingvild Elseth
- Ga ut sin andre samling av eigne slåttar "Solregn", i 2016
- Skal saman med Asgaut Bakken ha ansvar for runddanskveldar på Riksscena frå hausten 2017

Jutullaget:
- Vunne gruppespill på landsfestivalen 4 gonger
- Gjeve ut 4 cd`er. 30-årsjubileum 2018
- Vunne og har ein 2.pl fra Kappspel på NRK
- Vunne gruppespill på Titano 2 gonger
- Vunne NTL sitt NM
- Vann Storefjelltreffen, gruppespel i mai 2011, 2012, 2014
- Vart hedra med Storefjellprisen i 2014
- Inge og Jon Amund har vunne NM i duett 6 gonger
- Kjell Arne og Inge vann duett på Storefjelltreffen 2011 og 2012

Leif Inge Schjølberg:
- To bronse i gruppespel på Landsfestival som den fyrste kvartett med Karuso.     
- Bronse i gruppespel med Vågåmål 2011.
  
Vågå Spelemannslag:
- To gull i lagspel på Landsfestivalen
- Gitt ut 2 cd`er. Den ene med Brazz Brothers

Avbrekk:
- Vann gruppespel på landsfestivalen på Oppdal 2012, vart uttatt til den nordiske mønstringa i Saelen på høsten

Gjevres:
- Vann gruppespel på Titano 1998