Folkemusikktreffen 2018
- Detaljer
- Sist oppdatert fredag 16. november 2018 14:13
Etter nokre år med nedadgåande kurve på denne treffen så var Trond Ole Haug attende ved roret på Folkemusikktreffen. Jutullaget var hyra til spel ved Kristian Gården sin minnekonsert, mønstringskonserten og dansespel. Det var sterkt å låte reinlenderen som Jon Amund ha laga, n Kristian, fredagskvelden. Kristian var Svein Ove si næraste slekt og ei legende i miljøet. Ein flott felespelar, humørspreder, slåttemaker og ei periode leiar i Vågå spelemansslag. Vi i Jutullaget syntes treffen gjorde eit byks i rett retning. Mykje god musikk og bra med folk. Takk til Knut Utler for fine bilde.