solregn

Lillehammer toraderklubb

Eg har nå vore instruktør for Lillehammer trekkspel og toraderklubb si toradergruppe sian eg fløtte til Lillehammer i 2002. Ein utruleg flott og ivrig gjeng. På ein god dag er vi nå oppe i 20 stk. Og det er strålande på Lillehammer. Vi har delteke i klassa for klubbar ved Landsfestivalen siste tre åra og hatt gode opplevingar der. Ved oppstarten i haust så vart det ei spennande kulturutveksling: Østerrikeren Simon Stockl kom på besøk med sitt fireraders durspel. Vi spelte til kvarandre (Vi hadde dessverre forskjellige toneartar) og hadde ei super stund. Artigt å høyre tradisjonsmusikk frå eit land såpass langt frå Norge, samtidig med så mange fellestrekk.

17. Toraderklubben med besøk