solregn

Vågåtreffen 2018

Kjære vene for ein treff. Arne Stasviken og styret i Vågå klarte nok ein gong å vise at denne treffen er av dei betre no. Fredagen starta med minnekonsert til den store trekkspelaren og komponisten Hjalmar Moen frå Vågå. Mange av landets dyktigaste dragspelarar tolka komposisjonar av den sindoge vagver`n. På mønstringskonserten laurdag fekk Vågå trekkspellklubb kulturprisen i Vågå, for flott innsats i 40 år. Artig å sjå at klubben i Vågå blomstra med eit stort antall medlemmar, mange unge utøvarar. Så fekk godkar, stortrekkspelar og god kompis,  Syver Olstad Vågåfatet, for sin innsats i miljøet i snart like mange år. Ein meir allsidig, triveleg og dyktig trekkspelar skal du leite lenge etter. På Vågå hotell var det dans båe kveldar og laurdagen var det 35 grupper fordelt på 3 scener, frå 2030 til 0230. Rått. Eg bidrog med dansespel frå X-men på fredag, Lillehammer toraderklubb og Jutullaget på laurdag. Bilde under tå`n Syver frå 80-talet.

22. Syver