solregn

Sverre og Kjell Gjevre

Min far feira 80 år no i haust og da måtte sjølsagt onklane mine og eg låte ei god økt. Av dei har eg lært utruleg mykje av oppigjennom åra, like artige å spela med kor gong. Gode karar. Mogleg vi kjem til å ta nokre konsertar att og. Sverre og Kjell voks opp i Liagardane i Vang i Valdres, med eit stort folkemusikkmiljø. Far deira, Endre, spelte hardingfele, torader og munnspel og var med å starte Valdreskvelven hardingfelelag i si tid.  Rytmikken i Vang er snerten og låttane er orginale. 

23. Kjell Sverre og Inge

23. Endre Gjevre