solregn

Frilans-musiker og musikkpedagog

Eg har no siste åra trakka ut i ein delvis frilanstilværelse. Eg er nokre dagar på Åretta, der eg har musikktimar og sal og scene. Så vert det mykje kurshelger og konsertar samtidig som eg har Lillehammer toraderklubb ein kveld i veka. Med den nye trioen Gjevre, Odde og Vårdal bli det eit aktivt år i 2019 med plateinnspeling og konsertar. Jutullaget driv og på som aldri før etter 30-årsjubileet. På Riksscenen er eg med Asgaut Bakken å arrangerar runddanskveldar samt at Olav Haugen, Even Røhjell og eg står som arrangør på Folkemusikkpøbben på Lillehammer. På Lillehammer er eg og med å spela gitar med koret til son min Jonathan og jazzbandet vårt RAS er i drivet med ny besetning. I tillegg driv eg på å komponerar mykje ny musikk. Det er noko av det artigaste eg veit. Ein veit aldri kva som dukkar fram, men i det siste har det kome rekande både eindel slåttespel og runddansleikje. 

 25. Inge 5