solregn

Folkemusikktreffen i Vågå

Denne treffen er virkeleg på tur opp att. Mykjy tilreisande folk, enorm deltagelse og god stemning. Fredagen vart innleda med kyrkjekonsert med Hollo`s efterfølgere, Sven Nyhus og Tore Løvgreen og Gjevre, Odde og Vårdal. Stor opplevelse å låte felles ekstranummer Bergrosa med sjølvaste Nyhus. Laurdagen var det fyrst kurs i spel, vokal og dans før  mønstringskonserten med 30 forskjellige nr. Oss i Jutullaget fekk lov å avslutte konserten med ein ny masurka som Jon Amund og eg har tilegna Jan Erik Øyen. På Bokhandelen kafe var det buskspel heile helga. På hotellet samla folket seg båe kveldane og dansa og kosa seg til langt på natt. 

IMG 0737