solregn

Folkemusikkhelg i Granvin- kurs, konsert og dans

Fredagen starta med konsert på Jaunsen gjestgiveri med studentar på folkemusikkstudiet i Rauland, med gjester frå Newcastle, og Synnøve Bjørseth og Geir Marius Thorud. Laurdagen var det kurs på hardingfele, dans, trekkspel og durspel. 19 stk dukka opp på durspel. Så triveleg og inspirerande. Laurdagskvelden let Jutullaget og Bjørseth/Thorud til dans på Trudvang. Strålande helg.