solregn

Landskappleik og "Han var hoga heim" i Vågå

Kappleik på heimebane har alltid vore spesielt. Heilt sidan eg kom i durspel junior finala for fyrste gong på landsfestivalen i Vågå i 1991. Denne kappleiken vart horvele aktiv med diverse oppdrag. Det starta med Aslak Brimi sitt plate- og notehefteslepp ved Søre Bu. Aslak skulle samle marsjar og lyarslåttar frå Norddalen og hadde 80. Så spurde han meg om eg hadde nokre. Da fekk han 20 til. Dermed vart det 100 i hop att. Fredagen starta med Ope klasse med Gjevre, Odde og Vårdal. Fin opplevelse med springleik og lyarslått arrangert for durspelk, trekkspel og hardingfele. Jammen fekk oss 3.plass i år også, i eit hardt beite. Fredag kveld var det duka for noko av det største eg har vore med på. "Han var hoga heim". Vegar og Mette Vårdal sitt folkemusikalske eventyr. Solistar, juniorar, Vågå og Lom spelemannslag, kor og musikkforening. Pluss husorkester i toppklasse. Thomas Bakke var Blessomin og eg fekk lov å værs Jutuln. Alle 150 på scena avslutta framfor ein stappfull Vågåhall med leiken Ære, som Vegard har laga til Ivar Odnes. Dette var stort altså. All honør til Vegar og Mette for ein ambisiøs, samlande og fantastisk kveld. Laurdag og søndag gjekk med til dømming for min del. Fyrst durspelklassa, så som dommar for utdeling av Furepris og Furestipend.

Godt arrangert vagværer. Tusen takk til Knut Utler for flotte bilde.

15.

13.

14.