solregn

Besøk hjå Erling Heen med onkel Sverre

Tradisjonar er viktige. I durspeltradisjonen i Vang i Valdres fins mange artige gode danselåtar. Dei kallar leikane for låtta. Eg har lært mykje av mine onklar Kjell og Sverre. Dei hadde leikane etter sin far Endre. Han spelte både hardingfele og durspel. Nokre hundre meter frå heimen deira i Liagardane i Vang voks Erling Heen opp. Han lærde å spela durspel av sin far, med mykje av dei same leikane i reportoaret. I januar tok Sverre, min onkel, og eg turen til Erling, på Tveita i Oslo. Han, i likheit med Sverre, fløtte tidleg til Oslo, og har spelt mykje te dans uppigjennom. Dette vart ein fantastisk triveleg kveld der Erling spelte mange tå godleikane til oss og lite uttpå så vart det råte te samspel au. 

36jpg