solregn

Jutullaget og Petter A Røstad let på jubileumsfest

22.februar hadde Sel/Otta spel og dansarlag jubileumsfest på Sel. Dei har mykje aktivitet og mange aktive på Sel nå. Så artigt å høyre konserten deira med rekruttar og spelemannslag. Jutullaget og Petter A Røstad let til dans denne trivelige kvelden på Nord-Sel. Tankane mine gjekk attende til ca 1991, da Jon Amund og eg vart henta over til Nord-Sel ein gong i veka for å kurse 15 selvere på torader. Så trivle miljø.