solregn

Prosjekt/samspel

SOLO

Fartar mykje omkring som soloutøvar, har konsertar og held kurs. Har og eindel einetimar med elevar frå bla Ole Bull og Norges musikkhøgskule. Lagar musikk til prosjekt.

JUTULLAGET

Jon Amund Karusbakken, Kjell Arne Kolden, Inge Gjevre-alle durspel, Svein Ove Brun-gitar og Bjarne Odde-kontrabas. Runddansgruppe, oppstarta i 1988. Har spelt til dans stort sett over heile landet og trives kolossalt godt med det. Vann vår 4. landsfestival i Gaupne, 2016. Spelte på Meisterkonserten i Operaen etter det. Har gjeve ut 4 album: Jutullaget, Luringen, Trivle og XXV.  Hadde eit heidundrandes 30-årsjubileum, juni 2018, i Vågåhallen. Det bli nok snart ei plate te.  

Gjevre, Odde og Vårdal                                                                             

Vegar Vårdal, hardingfele, Mads Erik Odde, trekkspel og eg på durspel. Nystarta trio i 2017 som læt tradisjonsmusikk frå norddalen samt leikje av oss tre. Sprelsk trio som likar seg på konsertscena og til dans. 2019 bli eit spennande år med plateinnspeling og mykje konsertar. 

RAS

Jazzgruppe på Lillehammer som har konsertar i området. Vi spelar funky, rocka, folkemusikalske og emosjonelle, mest sjølskrevne, jazzlåter. Trond Johnsen-sax, Andre Folkestad-trombone, Steinar Sulheim-gitar, Egil Weider Hartberg-piano, Jan Andresen- basblås, Jørgen Haukland-trommer og eg durspel.

Gjevriskarad`n

Kjell Gjevre og Sverre Gjevre, onklane mine, har støtt vore viktige læremeistrar for meg. Båe to har vore svært aktive på durspel, trekkspel og dansemiljø oppigjennom. Sverre hadde bla fleire opptredenar på NRK-tv på 80-talet. Kjell vann soloklassa for durspel på landsfestivalen i 1987, samt open klasse med Olav Sæta nokre år sinare. Båe har hatt mykje kurs i Norge, Sverige og USA. Deira oppvekst i tradisjonen frå Vang i Valdres er utgangspunkt for samspelet vårt, ispedd slåttar frå norddalen og Vang på Hedemarken. 

STEIN VILLA

Stein spelar på det meste. Saman med meg spelar han mest harpe, mandolin eller gitar. Vi samarbeida i prosjektet "Lea de" og har hatt mykje konsertar saman.
http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/142544/

TROND KLAAPE

Har samarbeida mykje med Trond i periodar. Vi har laga to forestillingar saman. Eg spelar torader, trekkspel og gitar til Trond sine tekstar.
http://www.klaape.no/


EGIL WEIDER HARTBERG

I tillegg til at vi spelar saman i bandet RAS så spelar vi konsertar som duo. På Røros, 2013,  stillte vi i open klasse, noko som gjekk meget bra. Egil fargelegg låtane mine på ein finurleg måte på piano.

Lillehammer toraderklubb

Ein flott gjeng som eg er saman med ein time i veka. Her går det hardt for seg på øvingane med læring av leikje og fokus på markering i musikken.